…og 1.juni får de vita kven som får plass på årets reis, 16. september. I år skal nemleg arrangørane trekka deltakarlaga blant alle som har meldt seg på.
Påmeldinga til årets Heiso Reis startar allereie i dag, og lag kan melda seg på fram til og med 31. mai.
1. juni vil arrangørane trekka deltakarlaga blant alle som har meldt seg på. Trekninga vil bli lagt ut på Heiso Reis si facebook-side same dag, kl. 12.00.
Meld på laget ditt til Heiso Reis 2023 her!
– Det har tidlegare blitt såpass stor pågang ved påmelding på nettsidene våre, at systemet har fått tekniske utfordringar. For å gjera det rettferdig, vil me difor opna for at lag kan melda seg på i ein lengre periode, og at me trekk dei åtte deltakarlaga blant alle som har meldt seg på, fortel Heiso Reis-general John Karsten Hustveit.
Sidan 2017 har Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage invitert lokale bedrifter til lokalvarianten av 71 grader Nord.
Åtte lag med fem deltakarar får testa både kløkt, fysikk, lagarbeid og kreativitet i ei ukjend løype i Vindafjord og Etne, med ei lett (og tung) blanding av oppgåver.
Any questions about this activity, or pricing? Send us a message!