Kanoutleige, Åkrafjorden

To kanoar for utleige på Åkrafjorden. Kanoane ligg i Sandvika like nedenfor Åkrafjordtunet. Betaling og utlevering av vester og årer gjer du i butikken på Åkrafjordtunet.

Me har to kanoar tilgjengeleg for leige.

Kanopadling er ein kjekk aktivitet for både store og små, og kanoane me leiger ut er så breie og stabile at alle kan føle seg trygge på vatnet. Det er plass til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born i ein kano, men kanoen er også lett å padle åleine. Med i leiga føl 3 flytevestar og 2 årer per kano. Flytevestane passar alle frå 40 – 120 kg. Born under 40 kg må ha med seg eigen redningsvest. Redningsvestar og årer hentes på Åkrafjordtunet. Kanoane har ergonomiske seter, kopphaldarar, vasstett rom til oppbevaring av verdisaker og kjølerom/lasterom. Alt er lagt tilrette for at du skal kunne kose deg i kanoen heile dagen. Her er også god mulighet for fiskefangst om ein prøver lykken.

For å få utlevert utstyret, må du framvise kvittering for betalt booking.

Pris kr 250,- per kano

Send førespurnad

Lurer du på noko angåande denne aktiviteten? Gi oss ein lyd!